MITT STUDIO

Mitt koselege lille studio finn du på toppen av Brattvåg (iallefall nesten) og det er eit lite heimestudio med fin utsikt. Eg hadde tidlegare eit større studio i Vatne sentrum og skiltet mitt heng der enno så det kan vere litt forvirrande. Hausten 2019 blei det beslutta å flytte studioet mitt heim for å spare på utgifter når eg bestemde meg for å bli student igjen. Eg har også ein annan jobb ved sidan av som no gjer at det blir mindre tid til fotograferinger i studietida, derav også eit studio som blir betraktelig mindre brukt.  

Men frykt ikkje, eit mindre studio betyr ikkje dårlegare kvalitet. Langt derifrå! Mange av bilda i min portfolio er tatt i mitt nye heimestudio. Einaste forskjellen er at eg ikkje kan ta på meg fotografering av større familiar i studio, men familiebilder utandørs er likeså fint! Og kven veit, kanskje flyttar eg tilbake til eit større studio igjen med tida? 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Viktig informasjon / allergier:

Vi har hund i hus og om du er veldig allergisk så bør fotograferinga takast utandørs. Hunden har aldri tilgang til studio og vil også bli satt ut på verandaen når dykk kjem, men inngangen til studio går igjennom huset der hunden har hatt tilgang. 

Org.nr: 913144775 MVA

© ANETTE RISNES I AR FOTOGRAFI • PERSONVERNERKLÆRING • COOKIES