Haustmøte og laugskonkurranse 2019

August 26, 2019

 

 

26. august var ein god liten gjeng frå Møre og Romsdal fotograflaug klar for workshop i bedriftsøkonomi med flinke Kine Bakke. Ein veldig lærerik og kjekk dag, med mange aha-moment. Etter workshopen var det duket og klart for årets haustmøte med gjengen, samt avduking av resultata frå årets laugskonkurranse i Møre og Romsdal (trur du vi var spente?).

 

Eg trur sommerfuglane hang i meg heile dagen. Etter ein fin presentasjon av alle bidraga som var sendt inn var det klart for resultata. I form av ein fin bildepresentasjon vart resultata vist, og det starta med 8. plassen samanlagt og jobba seg oppover. Etter at 5. plassen var tatt tenkte eg for meg sjølv at shit, kanskje det blir meg neste år, litt småskuffa, men det var jo tross alt i konkurranse med ekstremt dyktige og erfarne fotografar. Jo for eg er nemleg ikkje så høg på pæra at eg automatisk trur eg ligg i teten! Og når vi hadde gått forbi så flinke fotografar på resultatlista allereie tenkte eg at eg rett og slett ikkje kunne kome lengre opp. Men til mi store overrasking dukka namnet og bilda mine opp når 4. plass vart avduka. Eg trur hjartet hoppa over eit slag. Det var nemleg ikkje forventa i det heile tatt! Men så utruleg stas! Ikkje nok med det, men to av mine 4 bilder fekk tildelt bronse. Eg trur det gjekk av eit lite gledeshyl (inni meg vel og merke). Eg fekk også eit bilde tildelt hederleg omtale.

 

Eg er superstolt av meg sjølv og dette resultatet gav meirsmak! Neste år skal eg jaggu klare enda eit hakk betre. Dette var gøy! 

 

 

 

 

Please reload

Populære innlegg

Haustmøte og laugskonkurranse 2019

August 26, 2019

1/10
Please reload

Siste innlegg

December 1, 2018

September 22, 2018

February 23, 2018

Please reload

Search By Tags
Please reload

Follow Us
  • Twitter Basic Square
  • Facebook Basic Square
  • Instagram App Icon

KONTAKTINFO

Tlf. 45 67 72 92

post@anetterisnes.com

6270 Brattvåg

Org.nr: 913144775 MVA

© ANETTE RISNES I AR FOTOGRAFI • PERSONVERNERKLÆRING • COOKIES