Nytt år nye moglegheiter

February 23, 2018

 

Hei! Då er vi godt på vei inn i 2018, eit nytt og spennande år! Våren er forhåpentligvis snart i anmarsj, for no saknar eg fuglekvitter, sol og grøne tre! Også skal eg vel ikkje skyve under ein stol at vinteren er ei vanskeleg tid for mange av oss fotografar då det kan virke som at mange har gått i vinterdvale når det kjem til å våge seg til fotograf. Men vinteren er ganske flott den altså! Og er du ikkje interessert i flotte vinterbilder så har eg også fotografering i studio, hugs det! 

 

Eg starta året med å flytte inn i nytt studio på Vatne saman med Ljos foto. Desse månadane som har gått har eg også brukt på å planlegge litt kva nytt eg vil gjere i året vi har føre oss. 

 

Eg har blant anna tenkt å satse meir på salg av bildeprodukter i høg kvalitet heller enn å selje filer. Dette for å sikre at bilda mine blir vist fram på best mogleg måte og i den kvaliteten eg ønskjer for kundane mine og for bilda mine. Dette gjer at du som kunde faktisk får høg kvalitet og fleire bilder til ein rimelegare pris enn om du hadde kjøpt nokre få filer (som ligg høgt i pris) og får dei produsert hos ei billeg fotokjede som ikkje leverar haldbar kvalitet. Bilda ein kjøper produkt av får ein også levert i lavoppløselige filer til bruk digitalt, men desse kan ikkje (og skal heller ikkje!) brukast til print. 

 

 

Eg har nokre nye konsept eg gjerne vil få drive med i år i tillegg til mine vanlege fotograferingar; 

 

  • Fødsel/barsel fotografering 

  • Lovebirds (fleire kjærestepar takk!)

  • Baby Art Session

  • Newborn Art Session

 

Sistnevnte vil basere seg på meir kunstneriske portrett av nyfødte (0-2 veker) og baby/småbarn (frå 6 mnd opp til 2 år i første omgang). Under desse fotograferingane vil eg også ta nokre vanlege portrett. 

 

 

NYE BETALINGSLØYSNINGAR:

Du kan no søkje om delbetaling via Svea finans eller du kan velje å betale med kort eller Vipps. Fotograferinga betalast på fotograferingsdagen, bildebestillinga betalast enten i si heilheit på bestillings/visningstimen eller 50% på bestillingstimen og resterande 50% når du hentar dei ferdige produkta dine hos meg.

Please reload

Populære innlegg

Haustmøte og laugskonkurranse 2019

August 26, 2019

1/10
Please reload

Siste innlegg

December 1, 2018

September 22, 2018

February 23, 2018

Please reload

Search By Tags
Please reload

Follow Us
  • Twitter Basic Square
  • Facebook Basic Square
  • Instagram App Icon

KONTAKTINFO

Tlf. 45 67 72 92

post@anetterisnes.com

6270 Brattvåg

Org.nr: 913144775 MVA

© ANETTE RISNES I AR FOTOGRAFI • PERSONVERNERKLÆRING • COOKIES