top of page

Praktisk info 

Alminnelige vilkår og lov om opphavsrett er gjeldende.
​

 FOTOGRAFERING 
Når det kjem til fotografering av små barn vil eg IKKJE anbefale å ta med barnet/barna til fotografering rett etter ein barnehagedag, då det som oftast ikkje fungerer optimalt med trøtte og sletne barn. Det beste er om ein har moglegheit å vere heime den dagen ein skal til fotografen, slik at alle er mest mogleg opplagt og klar. Slikt blir det betre bilder av også. Ta gjerne med snacks og drikke, kosedyr/leiker etc i tilfelle barnet/barna treng nokre "bestikkelser" i løpet av fotograferinga. Tenk også godt over antrekk og sko før dykk kjem då dette er eit viktig element for korleis bilda blir. Klede i naturfargar eller matchande fargetoner utan for mykje mønster og store logoar er å foretrekke. Gode forberedelsar er viktig for eit best mogleg resultat.  

 COPYRIGHT 
Fotograf Anette Risnes har copyright og rettigheter til alle bilder frå fotograferinga. Ver oppmerksam på at kjøp av digitale filer IKKJE gir deg som kunde rettigheiter til å bruke bilda slik du vil,  då det fortsatt er fotografen som eig alle rettigheiter til sine fotografi. Avtale for bruk vil vere oppført i kontrakt som blir underskreven av begge partar. Henvendelse om annan bruk enn det som er avtalt må rettast til AR Fotografi. Reproduksjon/kopiering av print er strengt forbudt og strider i henhold til åndsverksloven. Bildefiler kan ikkje redigerast på nokon måte, verken i form av cropping eller fargebehandling då dette ikkje står i samsvar med fotografens eige verk (ref. åndsverksloven). 

 MARKEDSFØRING OG KONKURRANSER 
Eg, Anette Risnes forbeheld meg retten til å bruke bilder til markedsføring av firmaet. Bilder vil bli brukt til publisering på webside, instagram, facebook, blogg og andre medier eller konkurranser. Eg, Anette Risnes legg aldri ut fullt navn på barn eller bilder som foreldre syns er upassande og ikkje ønsker på sosiale medier (med tanke på nakenheit). For det meste ønsker eg å bruke bilda eg tek til markedsføring, då det er ein stor del av det å kunne tiltrekke kunder i eit stort marked, det håper eg dei fleste forstår og aksepterer.

 SOSIALE MEDIER 
Alle som bestiller digitale filer vil motta en mappe med lavoppløselige bilder med logo til bruk på sosiale medier. Eg ønsker ikkje at bilder uten logo blir lagt ut på sosiale medier, håper at alle har forståelse for dette og bruker dei vedlagte filene til slikt bruk.

 BACKUP 
Kunden er sjølv ansvarlig for backup av filer som er mottatt ved kjøp. Skulle kunden miste eller øydelegge filer/minnepinne kan kunden kjøpe dette på nytt til halv pris av ordinærpris. Fotografen Anette Risnes fråskriver seg alt ansvar som følge av skade eller feil på utstyr.

 

 REISEKOSTNADER 

Ved lang reiseveg tilkjem det reisekostnader og evt kost og losji, desse kostnadane dekkes av kunde. 


 

​

bottom of page