top of page

Viola & Stian, 19. august 2017


Eg våkna opp denne morgonen til pøsregn og elendig vèr. Eg frykta det verste når eg no skulle avgårde for å fotografere eit flott brudepar som skulle viast i fjøra ein stad på Eidsnes. Eg pakka med meg regnklede og fjellsko (grunna bratt terreng ned til fjøra) og var klar for utfordringa. Eg var vel heller mest nervøs på vegne av brudeparet som måtte stå i finstasen i regnvèret.

Men i det eg kjøyrde inn til Eidsnes, letta det heilt opp, og vipps so vart det finvèr istaden! Snakk om å ha vèrgudane på si side! Og godt var det, for det vart ein flott vielse i flotte omgivelsar utandørs, og flotte bilder etterpå. Takk for tilliten, og til lykke med framtida!

#bryllup

12 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page