Eg er Anette, ein 29 år gammel fotograf og grafisk designer. Er samboer og mamma til to flotte gutar og ei skjønn lita lillesøster. Er også hundemamma til ein hund som heiter Casper og sambuar med kjærasten gjennom 14 år. 

Den fyste interessa for fotografi dukka opp etter vår førstefødte blei fødd i 2008. På den tida var eg ein ivrig amatør. Åra gjekk og interessa for fotografi blei større. Etter vår andrefødte blei fødd i 2011 begynte eg å lese meg opp på fotografi, studerte og øvde mykje på både teknikkar og lyssetting. På samme tid studerte eg også grafisk design hos Noroff, der eg lærte ein god del. I 2014 starta eg mitt eige enkeltforetak "AR Fotografi", og sidan oppstart har eg hatt æra av å fotografere mange flotte mennesker og dyr!

 

Frå 2013 jobba eg ei lita periode som fotograflærling hos Lillys Studio før eg byrja i jobb som grafikar i lokalavisa Nordre, der eg slutta i 2019. Samtidig som eg jobba i Nordre opna eg i 2017 mitt fyste studio i Brattvåg. Det var ein draum eg hadde hatt i mange år som endeleg blei ei virkeligheit! Året etter flytta eg studioet til Vatne der eg delte eit større studio med ein fotografkollega ei periode. Ho flytta etterkvart inn i nytt studio, og eg blei verande fram til hausten 2019. Då vart det bestemd å flytte studio heim, sidan eg bestemde meg for å byrje å studere igjen. 

Dei neste to åra som student blir både krevande og tøffe (spesielt med 3 barn og 2 jobbar på lasset), men det blir også spennande å lære noko nytt. Eg gler meg til fortsettelsen, og sjølv om det blir mindre tid til fotooppdrag i denne perioda håper eg på å kome sterkare tilbake etter endt studie! Og eg håper mine kunder vil følge meg vidare. 

OM MEG

Org.nr: 913144775 MVA

© ANETTE RISNES I AR FOTOGRAFI • PERSONVERNERKLÆRING • COOKIES