

FØDSEL / HEILT FERSK






Eg tilbyr for tida kun "heilt fersk" livsstilsfotografering for dei som ikkje ønskjer fotografering av sjølve fødselen, men vil ha ferske bilder av den lille. Eg tek då bilder av den nye verdsborgaren på sjukehuset eller heime hos dykk i løpet av den første veka, saman med foreldre og evt. storesøsken. Dykk booker meg inn til termindato, slik at eg kan kontaktast og kome på sjukehuset etter fødsel og ta bilder. Blir du utskreven før eg har rukke å kome? Då tek vi fotograferinga heime hos dykk ein av dei fyste dagane.
Reservasjonsgebyr på 25% av totalsummen betalast ved booking.
Dette for å reservere din termin og halde av tid i dagane før og etter termin.
Reservasjonsgebyr blir ikkje tilbakebetalt ved evt. avbestilling.
2020/21-oppdatering:
På grunn av koronaviruset er det ingen garanti at eg får lov å kome inn på sjukehuset for å ta bilder. Viss det er tilfelle, vil eg ta bilda heime hos deg når du er utskreven frå sjukehuset. Viss nokon i din husstand har nokon form for luftveissymptomer kan eg ikkje gjennomføre fotograferinga. Det er då veldig viktig at du informerer meg fortløpande. Det same gjeld viss eg sjølv har luftveissymptomer. Dette er for å beskytte deg og din familie, samt meg og min eigen familie frå smitte.