Hei, eg er Anette!

Ein 30 år gammel fotograf og grafisk designer frå Sunnmøre. Er samboer og mamma til to flotte gutar og ei lillesøster. Er også hundemamma til ein hund som heiter Casper og sambuar med kjærasten gjennom 14 år. 

Interessa for fotografi kom i 2008, etter eg vart mor for fyrste gong. På den tida var eg ein ivrig amatør. Åra gjekk og interessa for fotografi blei større. I 2011 begynte eg å lese meg opp på fotografi, studerte og øvde mykje på både teknikkar og lyssetting. På same tid studerte eg også grafisk design hos Noroff School of Technology and Digital Media. Frå 2013 jobba eg også ei lita periode som fotograflærling før eg byrja å jobbe som grafiker i lokalavisa Nordre. 

 

I 2014 starta eg mitt eige enkeltforetak "AR Fotografi" og hadde eit lite heimestudio. I 2017 opna eg eige studio i Brattvåg. Året etter flytta eg inn i større studio på Vatne saman med ein fotografkollega. Å opne studio var ein draum eg hadde hatt i mange år! I 2019 vart det dessverre bestemt å flytte studio heim til Brattvåg igjen der eg laga meg eit mindre heimestudio. Dette både fordi det dessverre ikkje var økonomisk mogleg for meg å drifte eit slikt lokale aleine - men også fordi eg bestemde meg for å bli student igjen. Eg skal no bygge vidare på utdanninga mi ved å studere digital marknadsføring. 

Dei neste åra som student blir både krevande og tøffe, spesielt som trebarnsmor og med tre forskjellige jobbar å balansere, men det blir også spennande å lære noko nytt. Eg har klart det før og skal nok klare det igjen! Eg gler meg iallefall til fortsettelsen!

Org.nr: 913144775 MVA

ALL CONTENT COPYRIGHT © 2020 ANETTE RISNES I AR FOTOGRAFI